fredag 8. oktober 2010

Redesign: 8-10. trinn

Picture from Monster Munch
LEGO-ringar

Her fylgjer ei oppgåve som med stor suksess vart gjennomført i fjor vår. Eg har laga vurderingskriterie i skjema, men rutene forsvann diverre då eg freista leggje det ut på sida her. Nokon som har tips til korleis få dette til? Eg kan sende vurderingskriteria på epost om nokon er interesserte i dei.

Det at dei ulike gruppene hadde ulike materiale å arbeide med gjorde arbeidet motiverande då ingen laga like ting. I forhold til den individuelle vurderinga var loggen viktig då det var der det kom fram kven som hadde bidrege med kva. I tillegg til den praktiske oppgåva, skreiv elevane ein reflekterande tekst om oppgåve om forbruk og gjenbruk. Denne vart også vurdert med karakter.

Til inspirasjon brukte me mellom anna desse nettsidene:

ReDesiGn
Praktisk oppgåve: 8-10. trinn

I denne perioden skal 3-4 elevar arbeide i gruppe med å lage gjenstandar (klede, bruksting, pynteting, osb.) av gjenbruksmateriale. I tillegg til det praktiske arbeidet skal kvar enkelt elev skrive ei oppgåve knytt til redesign, forbruk og gjenbruk.

OPPDRAG:
Lag og presenter minst to ting laga av gjenbrukt TEKSTIL, METALL og TRE. Tinga skal stillast ut til skuleavslutninga. Dersom det viser seg vanskeleg å få tak i gjenbruksmateriale, kan materialområdet endrast. Avtal i så fall med lærar.

LOGG:
Kvar elev skal skrive ein logg der det kjem fram kva arbeid du har gjort, og korleis du har gjort det. Loggen skal også vise kva materiale som er nytta, kva som er tanken bak det nye produktet og kva som eventuelt kunne gjort det enno betre. Ei liste over kva materiale som er gjenbrukt og kva som eventuelt er av nytt materiale kan gjerne vera med i loggen.

De skal kome med forslag til vurderingskriterie som høver dykkar materialområde, men i utgangspunktet vert det lagt vekt på følgjande:

Konstruksjon og teknisk utføring - Korleis kvaliteten på arbeidet er: Ser det ”ordentlig” ut? Er produktet haldbart nok til å brukast slik det er tenkt?
Idéutvikling og originalitet – Korleis har gruppesamarbeidet fungert? Kjem det tydeleg fram av rapporten kven som har gjort kva arbeid? Kor original er ideen: Har den opphavelege tingen endra bruksområde i stor, middels eller liten grad?
Presentasjon og eigenvurdering – Korleis produktet stilt ut? Korleis vert produktet og arbeidsprossesen dokumentert? Kva tankar har du kring kvaliteten på eigen arbeidprosses og produkt?

torsdag 7. oktober 2010

Lokal arkitektur, 5-7.trinn

Tømmerhus i Eksingedalen
Bilete frå eksingedalen.com
Denne oppgåva er kanskje vel teoretisk, men elevane som arbeidde med den tykte det var moro. For å finne fakta om bygningar nyttarelevane mellom anna desse nettsidene og søkjemotorane:

Treveven
Moava-Kunst og handverk
Kvasir-Teknologi-Arkitektur









Rammebok-oppgåve om arkitektur
(7.trinn)

Oppgåve:
Du skal lage ei rammebok om arkitektur. Vel eit tema frå punkta nedanfor.
(Ei rammebok er ei bok der forma på boka viser kva innhaldet handlar om.)

a) Bygning frå ein spesiell tidsepoke i Hordaland (t.d. Vangskyrkja, Baroniet i Rosendal, Lysekloster, Sundt-bygget, Havråtunet…)
b) Bryggen i Bergen
c) Lokal byggjeskikk i Eksingedalen

Framgansmåte:
· Hent inn stoff om bygningen du skal arbeide med.
· Skriv ein faktatekst om bygningen. I denne teksten skal du også samanlikne særtrekk ved bygningen/byggjeskikken du skriv om med ein anna bygning eller stilretning.
· Finn bileter som illustrerer teksten.

· Lag skisser til korleis bokomslaget skal sjå ut: 3-5 skisser. Tenk både på formen på boka, tittel, skrifttype og dekor.
· Lag spørsmål og svar til faktateksten din.
· Lag ei ordliste over ord du har lært, og som du trur andre lesarar av boka kan ha bruk for å få forklaring på: 8-16 ord.
· Lag framsida med motiv og tittel. Bruk framsida som mal til resten av sidene og klypp dei ut.
· Finn ut kva rekkjefølgje du vil ha faktaene i, og skriv inn/lim inn i sidene i boka.
· Montèr saman boka.

· Boka skal innehalde ein teikning du har laga sjølv. Hugs å ta med kjelder til bileta (under kvart bilete).

lørdag 2. oktober 2010

Hjarter av naturmateriale

Utstyr:
Bjørkekvistar, blomestreng og tang
Tid:
2 x 45 min

Framgangsmåte:
Finn to kvistar som høver til kvarandre i tjukkelse og lengd. Bind saman nede (i spissen på hjartet), bøy så endande mot einannan og bind saman. Lat det vera att litt lengde på strengen slik at du kan feste denne ned igjen i spissen.

Tips:
  • Kvistane bør ikkje vera for tjukke. Då knekk dei.
  • Gutar kan motiverast ved å få i oppdrag å "lage noko fint til mor"...